PRIME MEMBER EXCLUSIVE | 3 Months Free Trial

Auto-renews at INR 199/mo after 3 months. Cancel anytime. Offer ends 15 July, 2026.
Rådhuset cover art

Rådhuset

Rådhuset

Written by: Øygarden kommune
Listen for free

Kommunaldirektør i Øygarden, Johnny Breivik, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Øygarden kommune
Political Science Politics & Government Social Sciences
Episodes
  • Næringslivet heiar på det frivillige arbeidet
    Jun 19 2026

    Episode 25 | I denne episoden av podkasten Rådhuset har kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, invitert banksjef i Sparebanken Norge, Camilla Nygård og assisterande dagleg leiar i Sotra Gruppen, Anita Vindenes.

    Tema er korleis næringslivet støttar opp om det lokale frivillige arbeidet.

    - Sjølv om banken no er landsomfattande, er det viktig å vera lokal. Vi vil gje endå meir til frivillig arbeid i Øygarden. Vi brenn for lokalsamfunnet, seier Camilla Nygård som nyleg på vegner av banken delte ut 12 millionar kroner til frivillig arbeid i Øygarden.

    - Vårt fokus er å styrkja det frivillige arbeidt lokalt. Det kan vi gjera med litt økonomi, kompetanse, lokalitetar og til dømes strandrydding. Dette bidreg til meir frivillig engasjement meir motiverte tilsette, seier ho.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    17 mins
  • Korleis kan vi hjelpa kvarandre i ein krise?
    May 15 2026

    Episode 24 | I denne episoden av podkasten Rådhuset har kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, invitert prost Jan Tommy Fosse og kommunepsykolog Kyrre Dyregrov til å snakka om korleis vi kan møta kriser i livet.

    - Ikkje ver redd for å ta kontakt med nokon som er ramma av ein krise. På den måten kan du få visa at du bryr deg, seier dei to.

    Både Jan Tommy og Kyrre har brei erfaring med å møta folk som har opplevd krise i livet. Dei fortel at folk taklar krisesituasjonar ulikt og at dette må vi ha respekt for.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    19 mins
  • Vi hyllar kultur og idretten i Øygarden
    Mar 24 2026

    Episode 23 | Denne podkastepisoden av Rådhuset er frå kultur- og idrettsgallaen 20. mars. Denne kvelden vart det delt ut seks prisar. Mange fekk heider og det vart delt ut eín million kroner i kultur- og idrettsstipend.

    - Det var rørande. Det er rart at eg som jobbar med å sjå andre no skal bli sett sjølv, seier André Clausen som fekk folkehelseprisen. Dei andre som vart hylla med pris denne kvelden var Vigdis Taranger (Mot til å glede-prisen), Åshild Eriksen (heiderspris frå Øygarden musikk- og kulturråd), Oda Erstad (ungdomspris frå idrettsrådet), Siv Øye Karlsen (heiderspris frå idrettsrådet) og Cathrine Fredriksen Veirud (frivilligprisen). Kulturprisen og Tilgjengeprisen vert delte ut ved seinare høve.

    I denne episoden har vi snakka med alle prisvinnarane, leiar i levekårsutvalet, Ernst Einarsen, og kultursjef Marian Guddal Hansen. Podkastepisoden vert leia av Marianne Furheim og Vigleik Brekke.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    29 mins
adbl_web_anon_alc_button_suppression_t1
No reviews yet