• Korleis kan vi hjelpa kvarandre i ein krise?
    May 15 2026

    Episode 24 | I denne episoden av podkasten Rådhuset har kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, invitert prost Jan Tommy Fosse og kommunepsykolog Kyrre Dyregrov til å snakka om korleis vi kan møta kriser i livet.

    - Ikkje ver redd for å ta kontakt med nokon som er ramma av ein krise. På den måten kan du få visa at du bryr deg, seier dei to.

    Både Jan Tommy og Kyrre har brei erfaring med å møta folk som har opplevd krise i livet. Dei fortel at folk taklar krisesituasjonar ulikt og at dette må vi ha respekt for.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    19 mins
  • Vi hyllar kultur og idretten i Øygarden
    Mar 24 2026

    Episode 23 | Denne podkastepisoden av Rådhuset er frå kultur- og idrettsgallaen 20. mars. Denne kvelden vart det delt ut seks prisar. Mange fekk heider og det vart delt ut eín million kroner i kultur- og idrettsstipend.

    - Det var rørande. Det er rart at eg som jobbar med å sjå andre no skal bli sett sjølv, seier André Clausen som fekk folkehelseprisen. Dei andre som vart hylla med pris denne kvelden var Vigdis Taranger (Mot til å glede-prisen), Åshild Eriksen (heiderspris frå Øygarden musikk- og kulturråd), Oda Erstad (ungdomspris frå idrettsrådet), Siv Øye Karlsen (heiderspris frå idrettsrådet) og Cathrine Fredriksen Veirud (frivilligprisen). Kulturprisen og Tilgjengeprisen vert delte ut ved seinare høve.

    I denne episoden har vi snakka med alle prisvinnarane, leiar i levekårsutvalet, Ernst Einarsen, og kultursjef Marian Guddal Hansen. Podkastepisoden vert leia av Marianne Furheim og Vigleik Brekke.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    29 mins
  • Dei brenn for seniorar, barn og unge
    Feb 20 2026

    Episode 22 | I denne episoden av podkasten Rådhuset har kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, invitert to personar som brukar mykje av fritida si på andre.

    Berit Anita Knudtsen Larsen er for tida særleg engasjert i Demenskoret og Allsong.

    - Utan eit godt samarbeid mellom kommunen, det frivillige arbeidet og private aktørar, hadde vi andre fått dette til. I demenskoret ser vi meistring på sitt aller beste, seier ho.

    Helge Nilsen er engasjert i kyrkjeleg arbeid retta mot barn og unge.

    - Mange ungdomar har det bra, men ikkje alle. Eg brenn for å skapa trygge fellesskap. Dette vil gje oss eit meir robust samfunn, seier han.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    21 mins
  • Korleis var 2025?
    Dec 12 2025

    Episode 21 | I denne episoden av podkasten Rådhuset utfordrar kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, ordførar Tom Georg Indrevik og administrerande direktør i Brødrene Ulveseth, Inger Kristin Ulveseth, til å oppsummera året 2025. Gjestene kjem også med tankar om framtida.

    - Den største oppturen i år er at vi har klart å snu økonomien og at kommunen truleg kjem ut med eit lite pluss i 2025. Det gjer oss i stand til å løysa framtidige oppgåver på ein god måte, seier Tom Georg Indrevik.

    - Budstadbygginga har teke seg opp det siste halvåret, men eg tvilar på om ein klarer å nå målet om 130 tusen nye bustader innan 2030 slik regjeringa arbeider for, seier Inger Kristin Ulveseth.

    I november overrekte Bergen Næringsråd og Fana Sparebank Bærekraftprisen for 2025 til Brødrene Ulveseth.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    19 mins
  • Vi tar Øygardskonferansen på pulsen
    Nov 7 2025

    Episode 20 | Denne podkastepisoden av Rådhuset er frå Øygardskonferansen på Panorama Hotell & Resort 7. november.

    Tema for konferansen er «Dilemma». På konferansen kjem det fram ulike samfunnsaktørar opplever mange krysspress og utfordrande dilemma.

    I podkasten, der kommunedirektør Johnny Breivik inviterer gjester som har noko viktig å seia oss, møter du banksjef i Sparebanken Norge, Camilla Nygård, stortingsrepresentant Ove Trellevik (H), Kåre Bjorøy i Sartor Drange, forfattar Gunnar Staalesen og statsforvaltar Liv Signe Navarsete.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    27 mins
  • 2025: Det store jubelåret for Fjellkoret
    Oct 31 2025

    Episode 19 | 2025 har vore og er eit festår for Fjellkoret. Koret starta i 1985 og har 40 årsjubileum dette året. Koret krona jubelåret med det ærefulle oppdraget med oppsetjinga av «Det løfteriket landet». Dette var ein del av programmet for 200-årsjubileet for utvandringa til Amerika.

    I denne episoden av podkasten Rådhuset er dirigent Jan L. Jacobsen og prosjektleiar Grete Eide gjester i studio. Dei fortel om festreisa til USA tidlegare i oktober då 200-årsjubileet vart markert i New York der mellom anna kronprins Haakon deltok.

    - Det var ei festreise, nærast magisk, seier gjestene.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    20 mins
  • - Over all forventning å vera fosterheim
    Oct 17 2025

    Episode 18 | Det er eit stort behov for fosterheimar i Noreg. Det gjeld også i Øygarden.

    - Vi ønskte å hjelpa barn i nærmiljøet og skapa ein grunnmur for barnet. Det å vera fosterheim har gått over all forventning. Vi har fått mykje støtte og hjelp frå barnevernet, seier fostermor Anita.

    Ho er ein av gjestene i denne episoden av podkasten Rådhuset der kommunedirektør i Øygarden inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.

    Kontaktperson i barnevernet for fosterheimar i Øygarden, Christine Johannessen Klementsen, seier at fosterheim er ein vanleg heim for barn som tar imot barn som har behov for hjelp og som ikkje kan bu hjå sine biologiske foreldre.

    - Det viktigaste er at du har hjarterom, seier ho.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    19 mins
  • Offentlege tenester er under press
    Sep 19 2025

    Episode 17 | - Vi kan bli tvinga til å utsetja eller å ta vekk offentlege tenester. Det seier professor på NHH, Ola Honningdal Grytten, i denne episoden. I podkasten Rådhuset inviterer kommunedirektør Johnny Breivik gjester som har noko viktig å seia oss.

    Honningdal Grytten seier at med fleire eldre og færre i arbeid, vert vi tvinga til å auka produktiviteten for å skaffa nok pengar til pensjon og eldreomsorg.

    Professoren meiner Øygarden kommune er heldig som har bra rekruttering, gode skatteinntekter og er tidleg ute med det grøne skiftet.

    - Det er likevel avgjerande at det grøne skiftet har økonomisk berekraft, seier Ola Grytten Honningdal.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    25 mins